Hopp til innhold
X
Innhald

Bergum mottakssenter

Bergum mottakssenter. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Bergum mottakssenter. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Frå asylmottaket på Bergum. Foto: NRK.

Frå asylmottaket på Bergum. Foto: NRK.

Asylmottaket på Bergum vart starta i 1998 i hus som tidlegare hadde vore brukt som hybelbygg og som var bygde på 1960-talet. Det hadde og vore asylmottak der i 11 månader i 1994-1995 for asylsøkjarar frå Balkan.

Seinare er og bygningar på Steinen og i Førde sentrum teke i bruk som bustader for asylsøkarar.

I 2011 har mottaket 120 faste plassar og 50 variable plassar, og det har vore asylsøkarar frå opp mot 23 nasjonar samstundes.

Hero Norge AS med hovudkontor i Stavanger driv mottaket, medan bygningane på Bergum er eigde av J & S Dvergsdal AS. Bak dette firmaet står jølstringane Joar Dvergsdal og Steinar Dvergsdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016