Hopp til innhold
X
Innhald

Bernhard Tunold bakeri

Bakerie AS på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bakerie AS på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bernhard Tunold starta bakeri på Bryggja i 1924 i leigde lokale. Han bygde nytt bakeri i 1929.

I 1951 tok sønene Ottar og Morten Dag over bakeriet, og satsa også på daglegvarehandel i eige nybygg på Bryggja i 1960. Ei tid dreiv også Tunold brødutsal i Måløy.

Bakeriet på Bryggja låg ned i mange før før Turid Fagerlid fekk leige bakeriet og starta på nytt med bakeri og konditori under firmanamnet Bakerie AS i 2007. I 2014 starta dei også pubdrift i lokala.

I 1986 starta sonen til Morten Dag, Leif Petter, Tunolds Bakeri AS på Nordfjordeid, og dette vart bygd ut til eit av dei store bakeria i landsdelen.

Daglegvarebutikken på Bryggja vart i 1983 seld til Nordfjord handelslag, som fram til då hadde drive handel i eit nabobygg. Handelslaget under namnet Coop vart lagt ned i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014