Hopp til innhold
X
Innhald

Beskjedne på fiskeri - store i oppdrett

Nelly Dingen og Thorvald Mongstad legg sild i tønner på Dingevågen i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gunhild Mongstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nelly Dingen og Thorvald Mongstad legg sild i tønner på Dingevågen i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gunhild Mongstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då det store bankfisket på Storegga utanfor Møre starta kring 1870, var det fleire seglførande fiskebåtar frå Gulen som deltok. Nokre satsa også på dorgefiske etter makrell i Nordsjøen kring 1900, men dette fisket var nok meir vanleg i Solund.

Dei viktigaste fiskeforedlingsverksemdene i Gulen var hermetikkfabrikken som Martin E. Birknes starta på Byrknes i 1922, og fiskematfabrikken Sognefisk AS som på kommunalt initiativ vart bygt på Byrknes i 1978. Sjå også: Rekefiskarane på Furenes.

Oppdrett i Gulen

Men om Gulen har spela ein relativt beskjeden rolle i fiskeria, så har kommunen desto sterkare markert seg som ei av dei store oppdrettskommunane på Vestlandet. Dei første pionerane starta oppdrett i 1960, og kring 1990 hadde Gulen kring 18 oppdrettskonsesjonar.

Les meir om fiskeri og oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010