Hopp til innhold
X
Innhald

Bilfinger Høyanger

Etter at Hydro skilde ut ein del av arbeidsoppgåvene sine på slutten av 1990-talet var fleire ulike bedrifter involverte i Høyanger: Kværner Oil and Gas, Aker Kværner, ISS Industri og BIS Production Partner. Det sistnemnde er eigd av det tyske konsernet Bilfinger. I 2013 vart dei to norske avdelingane – BIS Production Partner og BIS Production Partner IFS – slegne saman til eitt – Bilfinger Industrial Services Norway. Avdelinga i Høyanger med i underkant av 50 tilsette fekk namnet Bilfinger Høyanger. Bilfinger Høyanger har oppdrag for Hydro Høyanger Metallverk, ERAS Metal, SafeClean og St. Jean Wheels.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016