Hopp til innhold
X
Innhald

Bilpleiehallen AS

Bilpleiehallen på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilpleiehallen på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilpleiehallen AS vart starta i 1986 av Stein Kjetil Holvik. Den første tida var det eit einmannsføretak med tilhald i ein garasje. Etter kvart er det utvikla til ei stor og moderne bedrift innan bilvask, bilpleie og rustbehandling. I 2007 flytta Bilpleiehallen AS inn i nybygg på Halbrendsøyra. Holvik har overlete drifta til dei tilsette og har sjølv starta Ditec Norge AS som deler lokale med Bilpleiehallen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016