Hopp til innhold
X
Innhald

Bilskadesenteret AS

Bilskadesenteret AS på Hafstad. Nybygget vart teke i bruk i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilskadesenteret AS på Hafstad. Nybygget vart teke i bruk i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilskadesenteret AS vart starta på Halbrendsøyra i 2000 av bilforretningane Biltreff AS, Opus AS og Sunnfjord Auto AS og Dag Arve Savland. Verksemda starta som ei lakkavdeling for dei tre bilforhandlarane, men utvikla seg til å ta seg av all bilskade. Bilskadesenteret hadde i 2009 ei omsetning på 16 mill kr og hadde 14 tilsette.

I 2010 la verksemda fram planar om nybygg på Hafstad. Same året kjøpte Bilskadesenteret AS 100% av aksjane i Opus As, som forhandlar bilmerka Opel og Suzuki. Nybygget på Hafstad vart teke i bruk i 2013.

Bilskadesenteret AS heldt dei første åra til på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilskadesenteret AS heldt dei første åra til på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2014