Hopp til innhold
X
Innhald

Birger Hagen

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Birger Hagen starta i 1946 bensinstasjon og bilverkstad på Maurstad ved Bryggja. Han dreiv også som drosjesjåfør. Bygget vart utvida i 1964, og same året overtok sonen John Hagen som dagleg leiar og med brørne Leif og Kåre som kompanjongar. Bensinstasjonsanlegget vart mykje utvida med butikk og nytt pumpeanlegg i 1985. Hagen dreiv også legeskyssbåt frå 1967 til 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2010