Hopp til innhold
X
Innhald

Bjorsand AS

Bjorsand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjorsand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helge Bjordal saman med fleire sambygdingar og eksterne interessentar, m.a. det Oslo-baserte Norstone AS, starta sandtak i Bjordal i 1996. I 2000 skipa dei aksjeselskapet Bjorsand AS med Helge Bjordal som dagleg leiar.

Anlegga omfattar forutan sandtaket oppe i dalen også ein stor sandsilo nede ved fjorden. Bjorsand har vore oppe i sju-åtte tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011