Hopp til innhold
X
Innhald

Blaalid Slip og Mek. Verksted

Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg vart grunnlagt av Gustav Blålid i 1922. Verkstaden har drive med vedlikehald, utrusting og bygging av m.a. fiskebåtar og ferjer.

I 1986 kjøpte Blaalid det konkursråka Solund Mek. Verksted, grunnlagt i 1976 av Reidar Engevik som hjørnesteinsbedrift i Solund. Blaalid dreiv dette verftet i fire år under selskapsnamnet Stad Trading - sjå Solund Skips Service AS (Stad Trading). I 2005 engasjerte Blaalid seg i kjøpet av skipsverfet på Løkja i Eid kommune saman med investoren John Olav Lefdal og skipa Nor Marine Stål AS. – Sjå Eid kommune: Eid Verft. Verftet skifta i 2007 namn til Blaalid AS.

Konkurs i 2011

I oktober 2011 slo Blaalid AS seg konkurs etter store tap på farty verftet utrusta dette året. 44 tilsette vart utan arbeid. I november same året vart det kjent at ei aksjonærgruppe som eig Båtbygg A/S og John Johansen Slip & Mek at dei var interesserte i å overta Blaalid.

Stadyard AS

Men det enda med at Verlo AS (sjå Moldøen mek. Verksted) og Lyng AS kjøpte eigedomsselskapet Blaalid Slik & Mek Verksted AS. I 2012 etablerte dei driftsselskapet Stadyard AS som erstattar Blaalid AS. Det nye selskapet har 20 tilsette i starten.

To av leiarane ved Blaalid AS i 2008, Asbjørn Horn (til venstre) og Terje Hveberg. Foto: NRK.

To av leiarane ved Blaalid AS i 2008, Asbjørn Horn (til venstre) og Terje Hveberg. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2012