Hopp til innhold
X
Innhald

«Blåbærkongen»

Rasmus K. Grodås, også kalla Blåbærkongen. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Samuel Lien/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rasmus K. Grodås, også kalla Blåbærkongen. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Samuel Lien/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rasmus R. Kirkhorn, oppvaksen på Løken i Eid, starta i 1868 handel på Grodås. I 1890 overtok Rasmus K. Grodås butikken, og dreiv m.a. stor handel med blåbær. Difor vart han på folkemunne kalla "Blåbærkongen". Han tok imot blåbær og selde vidare til Bergen, og hadde også eksport til England.

Som ei binæring til bærplukkinga var det mange honndøler som gjorde seg inntekt på fletting av sponkorger. Korgene vart nytta som emballasje til bæra. I bakgarden på forretninga si hadde han tønnefabrikk slik at han var sjølvforsynt med tønner til bærhandelen.

Ei segn fortel at det var frå "Blåbærkongen" at Halvard Drægni kjøpte sine første bær då han starta det som seinare skulle bli ein av landets store konservesfabrikkar for saft og syltetøy.

I dette huset dreiv ”Blåbærkongen” Kristian K. Grodås og seinare sonen Kristian Grodås landhandel med slakteri og kjøtforretning.

I dette huset dreiv ”Blåbærkongen” Kristian K. Grodås og seinare sonen Kristian Grodås landhandel med slakteri og kjøtforretning.

Gode ekstrainntekter

Også i Markane i Stryn gjorde folk seg gode ekstrainntekter på plukking av skogsbær. Frå 1911 var mottak og utskiping av blåbær ei av hovudoppgåvene for A/S Markenes Handelslag på Faleide i Stryn, og i Gloppen administrerte kjøpmann Kristen Søreide Nordfjord Bærlag, som leverte hage- og skogsbær til Bergen, og dreiv eksport til England. Dette bærlaget var i verksemd til ut på 1950-talet. Kjøpmann Johan Lothe på Ryggøyra i Gloppen kjøpte også opp skogsbær for vidaresal til Bergen.

Sonen til Rasmus K. Grodås, Kristian Grodås, tok over landhandelen med slakteri og kjøtforretning på Sanden.

Ei såkalla drøftemaskin som vart brukt til å reinske blåbæra. Atle Tomasgard og borna Ane og Arild studerer utstyret. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Ei såkalla drøftemaskin som vart brukt til å reinske blåbæra. Atle Tomasgard og borna Ane og Arild studerer utstyret. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.03.2011