Hopp til innhold
X
Innhald

Bondeeigde meieri, kjøpelag og salslag

Meieriet i Teigen i Førde. Foto: Olai Fauske. © Fauskefondet, Sunnfjord Museum.

Meieriet i Teigen i Førde. Foto: Olai Fauske. © Fauskefondet, Sunnfjord Museum.

Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene å organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jorbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer. Dette skjedde også på Vestlandet, m.a. i landdistrikta som forsynte Bergen med matvarer.

Bykjøpmennene sat med marknadsmakta

Annonse for separator i 1899. Den dyraste utgåva kosta 180 kroner om ein betalte kontant, og det var mykje pengar på den tida.

Annonse for separator i 1899. Den dyraste utgåva kosta 180 kroner om ein betalte kontant, og det var mykje pengar på den tida.

Før bondesamyrket tok på seg desse oppgåvene, hadde bøndene ordna dette kvar for seg med eigne kontakter i byen. Dette førte til at dei vart prisgjevne bykjøpmannen sine handelsvilkår på godt og vondt. Resultatet var oftast dårleg pris på kjøt og mjølkeprodukt, medan kjøpmannen visste å ta seg godt betalt når han selde landbruksmaskiner, såkorn, kunstgjødsel og andre varer som bonden måtte kjøpe den andre vegen.

På same vis som for fiskarane sitt tilhøve til Bergens-kremmarane, måtte mykje av maskinhandelen gå føre seg på krita. Dermed vart bøndene endå meir bundne til kjøpmannen sine salsvilkår og prissetjing. Eigne omsetningslag og kjøpelag etter samyrkemodellen skulle få bukt med dette uvesenet.

På landsbasis vart det skikkeleg fart i bondesamyrket etter at Fjaler-mannen Theodor Landmark fekk skipa Norsk Landmannsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.

Tilskotsordningane har styrt utviklinga

Heilt frå starten av dei ulike produksjons- og salsledda i jorbrukssamyrket, har den lokale strukturen i stor mon vorte styrt av statlege tilskotsordningar: Desse har fungert som gulrot m.a. for å få bøndene til å samle seg om stendig større slakteri- og meierieiningar.

Dei første ti-åra var desse tilskota den fremste stimulansen for å få bygd produksjonsanlegg. Seinare, når det vart snakk om sentralisering og nedlegging, skapte bruken av tilskotsordningane store konfliktar - ikkje minst mellom lokale bondelag og sentralleiinga i deira eigne organisasjonar. På 1980- og 1990-talet skapte såleis den hardhendte sentraliseringspolitikken til dei som sat på tilskotssekken mykje strid - spesielt kring storslakteriet i Førde og sentralmeieriet på Byrkjelo.

Meierisamvirket kom først

Meieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1956. Den første større meieriorganisasjonen var Den Nordenfjeldske Meieriforening i Trondheim. Norske Meieriers Eksportlag vart skipa i 1928. Seinare skifta dette namn til Norske meieriers Salgssentral.

Innkjøpssamyrket for jordbruket

Nest etter meierisamyrke, som var første ute av «bondesamyrka», vart «Felleskjøpet» det neste, store samyrkesteget i landsdelen.

Felleskjøpet

- sjå Innkjøpssamyrket for jordbruket.

Slakterianlegget på Reset i Førde vart bygt etter mykje strid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slakterianlegget på Reset i Førde vart bygt etter mykje strid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandske Salslag

Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920.

Gilde Vest

– sjå Vestlandske Salslag .

Nortura Førde

– sjå Vestlandske Salslag.

Terina AS

– sjå Vestlandske Salslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015