Borgund Samvirkelag

Borgund Nærbutikk held til i forretningsbygget Borgund Samvirkelag bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Borgund Samvirkelag på Steinklepp vart skipa i 1921. I tillegg til å drive assortert handel, tok samvirkelaget også imot og omsette geitost og andre landbruksvarer frå bøndene.
Tidleg på 1950-talet bygde samvirkelaget ny forretning. I 1995 vart Borgund Samvirkelag slege saman med Årdal Samvirkelag.
I samband med storfusjonen i år 2000 av samvirkelaga i Indre Sogn og Voss til Coop Indre Vestland, vart avdelinga i Borgund nedlagd. Grethe Kleppe og Arne Kvamme tok då over, og driv i 2001 forretninga under namnet Borgund Nærbutikk.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.12.2009