Hopp til innhold
X
Innhald

Borgund Sparebank

Indre Sogn Sparebank på Steinklepp, tidlegare Borgund Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Sparebank på Steinklepp, tidlegare Borgund Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Borgund Sparebank på Steinklepp, vart skipa i 1916 etter opptak frå lensmann og kaptein Anders Næsset.

Sonen Lars Nesse var også lensmann i Lærdal og Borgund, og kasserar i Borgund Sparebank frå 1916 til 1946. Deretter overtok sonen hans, Anders L. Nesse, som bankstyrar. Borgund Sparebank gjekk inn i Indre Sogn Sparebank då denne vart skipa i 1971.

Sparebanken i Borgund heldt til i kommunehuset på Steinklepp, men skaffa seg seinare eige hus. I 1983 vart sparebanken rana av artisten «Samson», som reiste rundt i distriktet og viste kunstane sine som «sterk mann». Sparebanken på Steinklepp vart seinare filial under Indre Sogn Sparebank.

Slutt etter 96 år

I oktober 2011 varsla Indre Sogn Sparebank at filialen på Steinklepp skulle leggast ned i mars 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011