Breheimsenteret

Breheimsenteret i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Breheimsenteret i Jostedalen vart opna i 1993 og vart nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark i 1997. Med sin spesielle arkitektur (arkitekt Rolf Sande) vart det eit landemerke i inste delen av Jostedalen.
Dei første åra var det aller meste retta inn mot opplevingar for turistane, men servering av mat vart etter kvart ein viktigare del. Breheimsenteret i Jostedalen er ope frå mai til og med september, og vert drive av Peder Kjærvik.

Breheimsenteret brenn natt til 29. juli 2011. Foto: Frank Optun Smedegård.
Totalskadd av brann
Den 28. juni 2011 vart Breheimsenteret totalskadd av brann. Men eigarane avgjorde at det skulle byggjast opp att. I juli 2012 la miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ned grunnsteinen, og 24. juni 2013 vart det nye Breheimsenteret offisielt opna av statsminister Jens Stoltenberg.

Det nye Breheimsenteret i ferd med å reise seg i september 2012. Foto: Frank Optun Smedegård.

Statsminister Jens Stoltenberg kom for å opne det nye Breheimsenteret. Foto: Birger Meland, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.07.2013