Hopp til innhold
X
Innhald

Breim Handelslag

Coop Byrkjelo, tidlegare Breim Handelslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Byrkjelo, tidlegare Breim Handelslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim Handelslag på Byrkjelo vart grunnlagt i 1920. Det leigde seg først rom i Johan Strand sitt hus på Byrkjelo, eit hus som tidlegare hadde skaffa husrom både til ein framhaldsskule og ein snikkarskule.

Handelslaget bygde eigen forretningsgard i 1926, og har seinare utvida og modernisert i fleire byggesteg i 1936, 1960 og 1989.

Breim Handelslag vart seinare slege saman med Førde Samyrkelag og er no ein del av Coop Vest BA. I 2011 fekk Coop Byrkjelo ei eiga Felleskjøp-avdeling etter at Felleskjøpet la ned sin eigen butikk på Byrkjelo.

I 2013 vart butikken lagd om frå Coop Marked til Coop Prix etter at Coop Vest kjøpte Spar Byrkjelo og la ned daglegvaredrifta der (sjå Johan Myklebust).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2013