Hopp til innhold
X
Innhald

Breim Sparebank

Breim Sparebank vart skipa i 1915 med kontorlokale hjå postopnar Peter Reed på Reed. Etter at Breim hadde rive seg laus frå Gloppen i 1886 og hadde vorte eigen kommune, vart dette å skipe sin eigen sparebank sett på som ein del av ”frigjeringsprosessen” for breimingane.

Men den nye sparebanken i Breim vart ikkje sett på med blide auge i Gloppen: Ei oppmoding i 1917 frå forstandarskapet i Breim Sparebank om å få avvikla fellesskapet med sparebanken på Sandane når det galdt tillitsverv i Gloppens Sparebank vart avvist. Fem år seinare prøvde ein på nytt utan å finne ei løysing, og dei to sparebankane måtte godta at dei levde side om side.

Breim Sparebank vart slegen saman med Gloppens Sparebank i 1964. Gloppens Sparebank bygde banklokale på Reed i 1966.

Gloppens Sparebank gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane då denne vart skipa i 1988, men filialen på Reed vart lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2011