Hopp til innhold
X
Innhald

Brekke-området leverte til Høyanger

Ein av mjølketankbilane til Rutebilane i Brekke.

Ein av mjølketankbilane til Rutebilane i Brekke.

I bygdene langs Sognefjorden var det mange som leverte til det store Høyanger Meieri frå det vart bygt i 1932.

Meieriet i Høyanger sette i 1947 opp eigen motorbåt frå m.a. Brekke-området. Same året starta Henrik O. Ynnesdal rutebilane i Brekke, primært for å drive mjølkerute frå Ynnesdal til kaia i Brekke.

Mjølkebåtruta var i drift til 1966, då ein gjekk over til lastebiltransport på ferja som då var sett i drift over Sognefjorden mellom Brekke og Lavik. Også frå Eivindvik-området vart det i mellomkrigstida gjort forsøk på å levere mjølk til meieriet i Høyanger. Men ordninga gjekk med tap, og vart innstilt etter halvanna år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010