Hopp til innhold
X
Innhald

Briksdalsbre Fjellstove

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Briksdalsbre Fjellstove i Oldedalen vart starta av eigaren av fjellgarden Briksdal, Anders E. Briksdal, i 1891. Det starta som ein liten kafé der det vart servert rømmekolle og kaffi til turistane. Etter kvart vart verksemda også utvida til romutleige, suvenirsal og bréføring.

Brixdal Hotel, truleg på 1920-talet.

Brixdal Hotel, truleg på 1920-talet.

I nokre år frå 1924 og fram til 1950-talet leigde og dreiv Yris Hotel i Olden kaféen i Briksdalen. Frå denne perioden finn ein namnet Brixdal Hotel.

Sonen til Anders Briksdal, Elling Briksdal. tok over garden i 1923, men då han døydde i 1932 berre 35 år gamal, måtte ektemaken Pernille ta seg av drifta fram til dottera Jorunn Briksdal og ektemaken Lars Kvamme tok over i 1954. Sidan krigen har turistanlegget ved oppstigninga til turistattraksjonen Briksdalsbréen vorte gradvis utvida slik at fjellstova i dag har kapasitet til 550 gjestar i restauranten.

Familien slutta med geitehald i 1966, og i 1997 vart ei tidlegare løe på garden bygd om til serveringslokale. I tillegg har Briksdalsbre Fjellstove stor suvenirbutikk og overnattingsplass til 12 gjestar, og ei utleigehytte. I dag er det fjerde generasjon med Per Briksdal som driv fjellstova.

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2010