Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Aa Båtbyggeri

Brødrene Aa i Hyen. Det gamle båtbyggeriet til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Aa i Hyen. Det gamle båtbyggeriet til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bak namnet stod brørne Bertel Aa og Olav Aa, som i 1947 grunnla det som skulle bli eitt av dei største båtverfta i fylket. Dei installerte seg i eit nedlagt ysteri. Bertel hadde snikkarkurs, Olav handelsskule, men utover det hadde dei korkje kapital eller kunnskap om båtbygging.

Bertel og Olav Aa med ein lett robåt dei bygde rundt 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Mia Lisa Djupedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bertel og Olav Aa med ein lett robåt dei bygde rundt 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Mia Lisa Djupedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Starta med luksusbåtar

Dei første teikningane kjøpte dei gjennom mannfolkbladet ”Skib O’hoi”, og med hjelp frå ein kjenning i Hardanger kom dei i gang med bygging av dei første hurtiggåande lystbåtane i tre. Dei fekk hjelp av ein av landets beste båtkonstruktørar, Richard Furuholmen, som i mange år teikna dei eksklusive lystbåtane som Brødrene Aa produserte. I 1950 bygde dei verkstad ved sjøen. Verftet bygde frå 1953 og fram til plast tok over, kring 1960, små robåtar i kryssfinèr. Verftet spesialiserte seg etter kvart på bygging av hurtiggåande skyss- og ambulansebåtar. I alle kystkommunane i fylket, frå Vågsøy og sørover, har det gjennom dei siste 40 åra trafikkert skyssbåtar bygde i Hyen.

Byggnummer 119 frå Brødrene Aa, «Sandhorn», vart levert til reiarlaget Salten Dampskipsselskap i Nordland i 1972. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Byggnummer 119 frå Brødrene Aa, «Sandhorn», vart levert til reiarlaget Salten Dampskipsselskap i Nordland i 1972. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Over til plast

Midt på 1970-talet la Brødrene Aa om produksjonen til plastbåtar, bygde etter den såkalla ”sandwich”-metoden. Dette gjev båtane eit sjølvberande skrog utan tradisjonell spanting. I 1979 kom sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen til Hyen, der han starta Teknisk Modellsenter. Han bygde modelltank i ein nedlagd fabrikkhall hos Brødrene Aa. Lilloe-Olsen har sidan samarbeidd tett med Brødrene Aa i utvikling av nye båttypar. Den første båten med katamaranskrog var ”Hyen”. Den vart i 1980 leigd av Fylkesbaatane, som ynskte å prøve ut båtkonstruksjonen.

Katamaranen Hyen. Foto: Harry Runderheim.

Katamaranen Hyen. Foto: Harry Runderheim.

I 1982 starta utviklinga av ein ny katamarantype som fekk namnet SES (Surface Effect Ship). Dette var ei kryssing av katamaran og luftputefarty, der skjørt og to skrog til saman skulle gje luftpute-effekten. Eit eige selskap - Cirrus - stod for utviklinga av båten. Prototypen vart sjøsett i 1984, men vart ingen umiddelbar suksess. I staden hamna Aa i rettssak med dei andre samarbeidsselskapa om eigedomsretten til teknologien.

Plaketten med Brødrene Aa-logoen ombord i San Frangisk, som går i rute mellom Kroatia og Italia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Plaketten med Brødrene Aa-logoen ombord i San Frangisk, som går i rute mellom Kroatia og Italia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdeling i Eikefjord

Midt på 1980-talet hadde Brødrene Aa kring 70 tilsette og hadde store problem med å skaffe nok arbeidskraft til Hyen. Utsiktene til kontraktar med Sjøforsvaret på mineryddingsfarty av luftputetypen gjorde at Brødrene Aa i 1987 bygde eit nytt verft til 26 millionar kroner i Eikefjord i Flora kommune (sjå Eikefjord Marine). I Eikefjord Marine kom også Ulstein-gruppa inn med 50 prosent. Eikefjord-verftet tapte kontrakten i 1989.

På 1980- og 1990-talet bygde Brødrene Aa ei rekkje SES-katamaranar, og mange hamna i utlandet. Denne, San Frangisk, gjekk i 2010 i rute mellom Kroatia og Venezia i Italia. Her er båten på veg til kai i Rovinj i Kroatia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På 1980- og 1990-talet bygde Brødrene Aa ei rekkje SES-katamaranar, og mange hamna i utlandet. Denne, San Frangisk, gjekk i 2010 i rute mellom Kroatia og Venezia i Italia. Her er båten på veg til kai i Rovinj i Kroatia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konkurs og ny drift

Brødrene Aa gjekk konkurs i 1991, og over 100 tilsette stod utan arbeid. Sjølve meinte eigarane at mykje skuldast Fylkesbaatane, som valde verftet Fjellstrand då dei skulle byggje nye hurtigbåtar i 1987.

Togstyrehus og oljekonstruksjonar

Etter konkursen i 1991 vart Eikefjord-verftet teke over av INC-gruppa i Florø. Aa-familien starta etter ei tid ny drift i lokala i Hyen under det gamle firmanamnet Brødrene Aa A/S. I nokre år var m.a. deksel til oljekonstruksjonar på havbotnen, og styrehus til tog hovudprodukta.

Tilbake til båtproduksjon

Då verftet tok i bruk eit nytt materiale – karbonfiber – kom det igjen på føtene som båtprodusent. I 2006 vart produksjonshallen i Hyen utvida til 40 meter for å kunne byggje større båtar, og båtproduksjonen vart igjen hovudaktiviteten til Brødrene Aa. I 2012 sikra Brødrene Aa seg fleire store kontraktar, m.a. på bygging av ein båt med plass til 230 passasjerar til Norled AS. Den førebels største båten verftet har levert er ein båt som tek 350 passasjerar. Den vart levert til Split i Kroatia. Talet på tilsette vart i 2013 auka til 110.

Denne båten, Øyservice, vart levert til Florø Skyssbåt i 2007. Foto: Brødrene Aa.

Denne båten, Øyservice, vart levert til Florø Skyssbåt i 2007. Foto: Brødrene Aa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.12.2012