Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Aa i Hyen

Brødrene Aa i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Brødrene Aa i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Bak namnet stod brørne Olav Aa og Bertel Aa – som i 1947 grunnla det som skulle bli eit av dei største båtverfta i fylket. Dei installerte seg i eit nedlagt ysteri.

Bertel hadde snikkarkurs, Olav handelsskulen, men utover det hadde dei korkje kapital eller kunnskap om båtbygging.

Starta med luksusbåtar

Dei første teikningane kjøpte dei gjennom mannfolkbladet «Skib O’hoi», og med hjelp frå ein kjenning i Hardanger kom dei i gang med bygging av dei første hurtiggåande lystbåtane i tre. Dei fekk hjelp av ein av landets beste båtkonstruktørar, Richard Furuholmen, som i mange år teikna dei eksklusive lystbåtane som Brødrene Aa produserte.

I 1950 bygde dei verkstad ved sjøen. Verftet bygde frå 1953 og fram til plast tok over kring 1960, små robåtar i kryssfinèr.

I 1950 bygde dei verkstad ved sjøen. Verftet bygde frå 1953 og fram til plast tok over kring 1960, små robåtar i kryssfinèr.

Verftet spesialiserte seg etterkvart på bygging av hurtiggåande skyss- og ambulansebåtar. I alle kystkommunane i fylket, frå Vågsøy og sørover, har det gjennom dei siste 40 åra trafikkert skyssbåtar bygde i Hyen.

Over til plast

Midt på 1970-talet la Brødrene Aa om produksjonen til plastbåtar, bygde med den såkalla «sandwich»-metoden. Dette gjev båtane eit sjølvberande skrog utan tradisjonell spanting.

I 1979 kom sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen til Hyen, der han starta Teknisk Modellsenter. Han bygde modelltank i ein nedlagd fabrikkhall hos Brødrene Aa. Lilloe-Olsen har sidan samarbeidd tett med Brødrene Aa i utvikling av nye båttypar.

Den første båten med katamaranskrog var «Hyen». Den vart i 1980 leigd av Fylkesbaatane, som ynskte å prøve ut båtkonstruksjonen. I 1982 starta utviklinga av ein ny katamaran-type som fekk namnet SES (Surface Effect Ship). Dette var ei kryssing av katamaran og luftputefarty, der skjørt og to skrog tilsaman skulle gje luftpute-effekten. Eit eige selskap « Cirrus » stod for utviklinga av båten. Prototypen vart sjøsett 1984, men vart ingen umiddelbar suksess. I staden hamna Aa i rettssak med dei andre samarbeidsselskapa om eigedomsretten til teknologien.

Avdeling i Eikefjord

Midt på 1980-talet hadde Brødrene Aa kring 70 tilsette, og hadde store problem med å skaffe nok arbeidskraft til Hyen. Utsiktene til kontrakter med Sjøforsvaret på mineryddingsfarty av luftputetypen, gjorde at Brødrene Aa i 1987 bygde eit nytt verft til 26 millionar kroner i Eikefjord i Flora kommune. I kom også Ulstein-gruppa inn med 50 prosent. Eikefjord-verftet tapte kontrakten i 1989.

Konkurs og ny drift

Brødrene Aa gjekk konkurs i 1991, og over 100 tilsette stod utan arbeid. Sjølve meinte eigarane at mykje skuldast Fylkesbaatane, som valde verftet Fjellstrand då dei skulle byggje nye hurtigbåtar i 1987.

Etter konkursen i 1991 vart Eikefjord-verftet teke over av i Florø. Aa-familien starta etter ei tid ny drift i lokala i Hyen under det gamle firmanamnet Brødrene Aa A/S. Dei siste åra har m.a. deksel til oljekontruksjonar på havbotnen, og styrehus til tog vore nokre av produkta. I 2006 vart produksjonshallen i Hyen utvida til 40 meter for å kunne byggje større båtar.

Ein av båtane Brødrene Aa har levert på 2000-talet, Øyservice. Foto: Brødrene Aa.

Ein av båtane Brødrene Aa har levert på 2000-talet, Øyservice. Foto: Brødrene Aa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2009