Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Myhre

Brødrene Myhre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Myhre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2010 vart Brødrene Myhre kjøpt opp av Norway Pelagic - sjå Domstein-konsernet.

Brødrene Myhre AS vart grunnlagt i 1925 av Andreas Myhre. Firmaet har bygd opp eit stort produksjonsanlegg på Sæternes i Måløy. I tillegg til fiskebua dreiv Myhre-familien i lang tid ein daglegvarebutikk på Sæternes. I dag driv firmaet fiskemottak og fiskeeksport og har spesialisert seg på sild og makrell og har over 20 tilsette. I 2006 hadde selskapet ei omsetning på over 72 millionar kroner.

I 2010 vart Brødrene Myhre kjøpt opp av Norway Pelagic - sjå Domstein-konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.10.2011