Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Tennebø

Anlegget til Brødrene Tennebø på Gotteberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Brødrene Tennebø på Gotteberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Tennebø fisketilvirking i Måløy vart grunnlagt 1925 av brørne Peder, Ingolf og Kristoffer A. Tennebø.

Etter eitt år overtok Kristoffer Tennebø verksemda åleine. Kristoffer sine søner Arvid, Karl og Johan Tennebø, kom inn i verksemda frå 1950-talet med Karl som dagleg leiar frå 1959. Dei første åra heldt verksemda til i den såkalla «Lefdals-buda» på Seternes, men flytta til eit nytt anlegg på Midtgård i 1938. I 1958 bygde Brødrene Tennebø nytt mottaksanlegg ved Gottebergshammaren, og har halde til der sidan. Denne buda vart bygd på etappevis med produksjonslokale og fryseri i fire etasjar.

I 1953 starta firmaet bunkersanlegg med oljelager i Skavøypollen. Dette vart seinare flytta til Gotteberg og utvida til ein samla lagerkapasitet på 3,8 millionar liter. I 1973 vart anlegget på Gotteberg utvida med isanlegg og større kai. Brødrene Tennebø slutta med fiskemottak i 1990 og har sidan konsentrert verksemda kring forsyning av is, agn og drivstoff til fiskeflåten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.04.2010