Hopp til innhold
X
Innhald

Brørne Espe snikkar- og treskjerarverksted

Svanøystolen, som Brørne Espe produserer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svanøystolen, som Brørne Espe produserer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brørne Espe snikkar- og treskjerarverksted på Espe vart skipa 1934 av Johannes Espe. Johannes hadde som ung mann sysla med treskjering, og ein stol som han stilte ut på ei husflidsmønstring på Sandane i 1927, vekte åtgaum. Johannas Espe fekk fleire bestillingar på møblar. Oppmuntra av dette og av den treskjeringsinteresserte honndalspresten Jon Johnsen, gjekk Johannes Espe på kunst- og handverksskulen som Johannes Dagestad dreiv på Voss. ¨ Heime att dreiv Johannes treskjering åleine ei tid før han fekk med seg brørne Ola, Johan og Rasmus og skipa Brørne Espe snikkar- og treskjerarverkstad. Verksemda har sidan vorte driven som ei utprega handverksverksemd som har spesialisert seg på produksjon av eksklusive møblar.

Eitt av dei mest ettertrakta produkta frå Brørne Espe er ”Svanøystolen” som er ein kopi av ein vakker rokokkostol som finst i møblementet på Svanøy hovudgard i Flora (sjå Svanøy-godset).

Brørne Espe sette opp verkstadbygget sitt på Espe i 1961, og sonen til grunnleggjaren Johannes Espe, Audun Espe, driv verksemda i dag. Han byrja i familieverksemda i 1964. Også Oskar Espe bygde ein treskjerarverkstad på Espe på 1960-talet og dreiv i nokre år produksjon av utskorne møblar under firmanamnet Hero Møbler.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.11.2009