Brunsviks Eftf.
Brunsviks Eftf. er eitt av dei eldste handelshusa i Måløy, grunnlagt av Ole Brunsvik i kjellaren til Rasmus Lødøen på Midtgård.
Ole Brunsvik hadde vore ein tur til USA før han satsa på forretningar i Måløy. Simon Midtgaard arbeidde ei tid som handelsstyrar hjå Ole Brunsvik, og vart bydd å ta over forretninga. I staden valde Simon Midtgaard å starta eigen butikk og fiskehandel saman med broren Arnt. Ole sin yngre bror Ludvig Brunsvik hadde vore ein tur i USA og kom no inn i firmaet.
Abraham Verlo vart teken opp som kompanjong i firmaet, og i 1918 tok firmaet over eit digert trehus på 3 ½ etasjar som Reiel Eldevik hadde kjøpt på den gamle handelsstaden Osmundsvåg og sett oppatt ved Gate 1 i Måløy. Huset står framleis (2005), og vert brukt av Brunsvikfirmaet som forretningsgard. Her har det gjennom tida hyst ei mengd forretningar, eit meieri og mange bustadhusvære.)
Brunsvik Eftf. har drive ass. landhandel, skipshandel, sportsforretning m.m. På 1970-talet bygde firmaet eit stort forretningsbygg på andre sida av Gate 1 der det m.a. har vore sportsforretning og lokale for Vinmonopolet.

Brunsvikhuset (lengst til h.) under bygging i 1914.

Brunsvikbuda. Foto: Ottar Starheim.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 12.03.2020