Hopp til innhold
X
Innhald

Bussfabrikken på Sandane

Solheims Verkstad starta med bygging av hestekjerrer.

Solheims Verkstad starta med bygging av hestekjerrer.

Verksmeister Edvard Solheim var den første som bygde bussar i Sogn og Fjordane. Solheims Verkstad vart grunnlagt i 1898 av Anders J. Solheim - før bilen kom som verkstad for hestevogner. Men då Edvard tok over i 1918, vart det bilreparasjonar. Han tok sertifikat i 1916. Frå 1948 til 1953 bygde Solheim i alt ni bussar og kombi-bilar til Firda Billag.

Frå 1954 starta Sandane Karosserifabrikk etter initiativ frå Erling Holt og Eivind Henden. Dei leigde lokale hos Solheim, og bygde seinare eigen fabrikk, der Firda Billag har dagens terminal. Her vart det bygd i alt 70 bussar, kombi-bilar og «skap». Verksemda vart lagt ned i 1968.

Edvard Solheim, her bak rattet i veteranbilen til Firda Billag, ein Adler, under eit veteranbiltreff i 1981.

Edvard Solheim, her bak rattet i veteranbilen til Firda Billag, ein Adler, under eit veteranbiltreff i 1981.

Etter 2. verdskrig var det stor mangel på bussar, og Nordfjord og Sunnmøre Billag starta difor produksjon av bussar til eige bruk i 1946. Fram til 1965 bygde dette billaget 43 bussar for eige bruk.

Annonse for Sandane Karosserifabrikk ca. 1960.

Annonse for Sandane Karosserifabrikk ca. 1960.

Då ruteselskapa i fylket på 1960-talet tok opp tanken å byggje ein stor bussfabrikk ein stad i fylket, arbeidde Firda Billag med disponent Rolv Henden i spissen iherdig for at den skulle utviklast vidare på den fabrikken som alt var på Sandane. Etter nok ein lokaliseringsstrid mellom Gloppen og Stryn, fekk stryningane bussfabrikken Vest-Karosseri i 1965. Her hadde Nordfjord og Sunnmøre bygd bussar på eigen verkstad sidan krigen. I Henden si tid var Firda Billag ikkje kunde hos Vest-Karosseri.

Huset der vognfabrikken heldt til står framleis. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset der vognfabrikken heldt til står framleis. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011