Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdemøller i Luster

Mølla i Feigum vart truleg bygd i 1782. Ho vart restaurert på 1990-talet. Foto: Valborg Heløy. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mølla i Feigum vart truleg bygd i 1782. Ho vart restaurert på 1990-talet. Foto: Valborg Heløy. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Hafslo var det tre vassdrivne bygdemøller: Krabbemølla ved Modvagrovi, Veamølla med vatn frå Daleelvi, og mølla i Marifjøra som tok vatnet frå elva Mara.

Her dreiv Jon Ness (1878-1926) mølle og sagbruk til anlegget brann ned i 1924. Ness bygde også eit lite kraftverk ved elva i Marifjøra - sjå: Jon Ness sine verksemder i Marifjøra.

Også i Mosaviki i Solvorn var det bygdemølle. På 1800-talet kom også Kjørvolds sag og mølle på Hafslo. Dette anlegget vart først drive med oljemotor og seinare med elektrisitet, og lagt ned like etter 2. verdskrig.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011