Hopp til innhold
X
Innhald

Bygg og Innbu A/S

Nordvestvinduet Bygg og Innbu på Almenning før verksemda investerte i nybygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordvestvinduet Bygg og Innbu på Almenning før verksemda investerte i nybygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygg og Innbu A/S trevarefabrikk i Almenningen vart grunnlagt i 1957 av Steinar Dybedal, Jørund Almenning og Ragnar Nesheim. Fabrikken framstilte tidlegare både kjøkken, dører og andre innreiingsartiklar, samt likkister, men har seinare spesialisert seg på vindauge, og heiter no Nordvestvinduet Bygg og Innbu AS.

Frå hundreårsskiftet har verksemda utvida fabrikklokala mykje og hadde i 2005 ei omsetning på 60 millionar kroner. Verksemda hadde i 2005 48 tilsette. I 2011 var talet auka til 80 tilsette, og omsetninga i 2010 var på vel 90 millionar kroner.

Nordvestvinduet Bygg og Innbu AS vart kåra til Årets bedrift i 2005 av Norske Trevarefabrikkers Landsforbund.

I 2011 tok verksemda i bruk nytt administrasjonsbygg til vel 10 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.10.2011