Hopp til innhold
X
Innhald

Bygstad Meieri

Olav Lien bygde mellom anna Bygstad Meieri saman med Andreas Hjelmeland. Dette biletet tok Hans O. Njøsen under bygginga i 1951. © Fylkesarkivet.

Olav Lien bygde mellom anna Bygstad Meieri saman med Andreas Hjelmeland. Dette biletet tok Hans O. Njøsen under bygginga i 1951. © Fylkesarkivet.

Bygstad Meieri vart skipa i 1948 som eit aksjelag for mjølkeprodusentar i Gaular og Dale og Guddalen i Fjaler kommune.

Då det nye stormeieriet i Bygstad kom i drift i 1952, vart dei lokale bygdemeieria i Gaular lagde ned. I 1957 bygde Bygstad Meieri ein såkalla «skummestasjon» i Dale. Denne utvikla seg i praksis til eit sjølvstendig meieri som ei tid hadde stor smørproduksjon.

Bergensmeieriet tok over Bygstad Meieri i 1966. Bergensmeieriet hadde også meieri i Askvoll. Seinare gjekk Bergensmeieriet inn i Tine Meieriet Vest, men vart lagt ned like etter at Tine Meieriet Vest i 1996 bygde stormeieri på Byrkjelo som tok unna all mjølkeproduksjonen for den nordlege luten av Vestlandet.

På det meste hadde meieriet i Bygstad kring 35 tilsette.

Bygningane til tidlegare Bergensmeieriet i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningane til tidlegare Bergensmeieriet i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010