Hopp til innhold
X
Innhald

Carbontech

Carbontech har planar om å etablere seg på tomta der C-hallen til Høyanger Verk stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Carbontech har planar om å etablere seg på tomta der C-hallen til Høyanger Verk stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Carbontech vart skipa i 1997 av Frode Steen frå Førde m.fl. og er eit norsk selskap som har spesialisert seg på å skilje ut karbon og hydrogen frå naturgass. Bak selskapet står det industrifolk frå Bergen og Ålesund.

I 2007 kunngjorde selskapet at dei ynskjer å byggje ein fabrikk i Høyanger med kring 50 tilsette. Carbontech hadde von om å starte i Høyanger i 2010.

Men planane vart skrinlagde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015