Hopp til innhold
X
Innhald

Carisma Fish AS

Carisma Viking. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Carisma Viking. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Fiskeriselskap Carisma Fish AS fiskeriselskap, vart skipa på Raudeberg i 2001 med Arild Aarvik som dagleg leiar. Selskapet heitte først West Longline Group AS. Fiskeriselskapet har spesialisert seg på drift av linebåtar, og eigde i 2005 linebåtane ”Kvitnes” og ”Carisma”.

I 2008 og 2009 kjøpte Carisma Fish linebåtane ”Carisma Star” og Carisma Viking” som er mellom dei største linebåtane i Noreg. I 2013 vart «Carisma Star» seld til eit islandsk reiarlag.

I 2004 kjøpte dotterselskapet Maritim Næringspark AS det nedlagde anlegget til klippfiskprodusenten Halsør Exportco. på Raudeberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013