Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Ramsli

I dette vesle huset hadde Christian Ramsli fotoatelier og kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette vesle huset hadde Christian Ramsli fotoatelier og kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Christian Ramsli arbeidde som fotograf i Vadheim frå 1870 og til ca. 1890. Han skal ha vore den første lokale fotografen i ytre Sogn. Ramsli hadde atelieret sitt i eit lite hus ved kaia. Her starta Ramsli og ektemaken Malene ein kafé som var i drift i over 100 år.

Kaféen vart seinare overteken av Andreas Hovland, og ei tid før 2. verdskrig vart den driven av ein mann med etternamnet Foss. Foss stilte opp fylgjande reklameplakat i kafévindauget: ”Her kan de sitje i ro og mak til eimbaatens klokke kling”.

Den siste som dreiv denne kaféen var Anna Frivik som stengde dørene i 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009