Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Vik - ein allsidig forretningsmann

Chr. Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Chr. Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter Sjur Hansen – Sjur i Veim – var det Christian Vik som vart den største og mest allsidige forretningsmannen i Vadheim.

Christian Vik kom frå fjellgarden Vikja vest for Vadheim og starta i 1900 landhandel i Vadheim. Då overtok han landhandelen til til Endre Trædal som satsa på hotelldrift.

Christian Vik dreiv også slakteri i eit hus bak butikken. Slakteriet vart seinare flytta til eit hus ved Hovlandselva, der det også var utsal av kjøtvarer. I butikkjellaren i sentrum hadde Vik eige bakeri. Bakeriet vart drive til ca. 1992.

I 1911 starta Christian Vik sagbruk og tønnefabrikk ved Dyrneslielva. Fabrikken vart bygd opp att etter ein brann i 1931, og hadde på det meste 12 personar i arbeid. Tønnefabrikken vart driven av sonen Hermod Vik til 1965.

I mellomkrigstida starta Christian Vik også ein brusfabrikk i Vadheim – Vadheim Brusfabrikk – ved Hovlandselva. Han hadde lensmann Mathias Sørbotten og hotelleigar Endre Trædal som kompanjongar. Brusfabrikken var i drift til slutten av 1930-talet.

Hermod Vik overtok all forretningsdrifta då faren Christian døydde i 1946. Systera Bergljot var deleigar og butikkhjelp til langt opp i pensjonsalderen. I 1949 vart Hermod gift med Gunvor Frivik, og saman dreiv dei butikken til Hermod døydde i 1995, 77 år gamal. Sidan har butikken vorte driven av enkja Gunvor Vik, men butikken vart – truleg mellombels – stengd i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.11.2009