Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Vik landhandel

Christian Vik starta i 1900 landhandel i Vadheim. Han overtok forretninga til Endre Trædal (sjå Trædals Hotell under «Gjestgjevarstader i Høyanger»). Forretninga dreiv ei tid eige slakteri og bakeri.

Etterkomarane driv framleis forretninga i Vadheim sentrum. I 1911 starta Chr. Vik sagbruk og tønnefabrikk ved Dyrneslielva. Fabrikken vart bygd opp att etter ein brann i 1931, og hadde på det meste 12 personar i arbeid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008