Hopp til innhold
X
Innhald

Christoffer Parelius Rasmussen

Christoffer Parelius Rasmussen.

Christoffer Parelius Rasmussen.

Christoffer Parelius Rasmussen frå Balestrand starta som landhandlar i Vik i 1848. Han vart også postopnar og dampskipsekspeditør, og dreiv handel til 1882.

Seinare dreiv O. H. Wange butikk i same huset, ei tid saman med Søren Rivedal.

Det var i dette bygget at Ingvald Husabø starta trykkeriverksemda si før han flytta til Leikanger og starta trykkeri der i 1930.

Mons Thorsen kjøpte ”Wangehuset” i 1928 og starta landhandel der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011