Hopp til innhold
X
Innhald

Coast Seafood AS

Sverre Søraa. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Sverre Søraa. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Coast Seafood AS vart skipa i 1994 med Sverre Søraa (fødd 1964) som dagleg leiar.

Coast Seafood AS vart skipa i 1994 med Sverre Søraa (fødd 1964) som dagleg leiar.

Selskapet har hovudkontor på Måløy Brygge, og er i hovudsak eigd av grunnleggjaren Søraa og andre tilsette. Coast Seafood har bygd seg opp til eitt av dei store norske selskapa for eksport av oppdrettslaks og aure, men driv også eksport av sild, makrell og kvitfisk.

Selskapet fekk i 2000 også ei avdeling med røykeri på Sotra, Coast Sotrafish AS, og driv også ei avdeling i USA; Coast Seafood USA.

I 2005 kjøpte Coast Seafood Bergen-selskapet Polaris Seafood. I 2004 omsette Coast Seafood AS for 125 millionar kroner, men auka omsetninga i 2005 til 1,4 milliardar kroner. Verksemda er kåra til Årets lakseeksportør i 1998 og 2006. Konsernet hadde i 2006 nærmare 60 tilsette i Måløy og på Sotra, og omsette for over 1,9 milliardar kroner. I 2007 overtok Coast Seafood Maaløy Seafood - sjå dette under Skaar & Co.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011