Hopp til innhold
X
Innhald

Daco Mekaniske AS

Daco Mekaniske AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Daco Mekaniske AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Daco Mekaniske AS på Kaupangerskogen vart starta i 2001 av Eivind Dahl. Dahl hadde alt i 1996 starta ein mekanisk verkstad som gjekk konkurs etter ei tid. Daco Mekaniske AS driv med sveising og vasskjering og har oppdrag m.a. til oljeindustrien.

På Kaupangerskogen held Daco Mekniske AS til i eit industribygg som tidlegare vart nytta av ei byggjevareforretning.

Verksemda har 11 tilsette og ei omsetning på kring 10 millionar kroner i året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.02.2010