Hopp til innhold
X
Innhald

Dale Gjestgiveri - Dale Hotell

Dale Gjestgiveri i 1920, då namnet var Dale Hotel. Dette namnet måtte dei byte ut fordi det var for lite til å bli kalla hotell. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Dale Gjestgiveri i 1920, då namnet var Dale Hotel. Dette namnet måtte dei byte ut fordi det var for lite til å bli kalla hotell. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Dale Gjestgiveri/Dale Hotel vart starta i 1923 av Peder Sundal, som tidlegare hadde starta slakteri ved kaia.

Hotellet vart innreia i eit hus som tidlegare hadde vore grendaskule på Håland, og som Sundal reiv og flytta til sentrum. Dottera Marie dreiv saman med ektemannen Malvin Kjørlaug hotellet, som var i drift til slutten av 1970-talet.

I 1991 starta Marit Risnes m.fl. opp att Dale Gjestgiveri og dreiv det som serveringsstad og pensjonat til konkurs i 1995. Då tok Eli Storum og Trond Ole Håland over og dreiv med redusert opningtid til 2000.

I 2002 tok Asta Øen Lundgren og Kaj Lundgren og deira familie med Jane Askeland, Kjetil Hellerud, Anna Askeland og Roy Arne Opstad over, og har sidan drive serveringsstaden som eit «dugnadstiltak» innan familien.

Det tidlegare Dale Gjestgiveri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Dale Gjestgiveri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.10.2010