Hopp til innhold
X
Innhald

Dale Rør A/S

Dale Rør A/S på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dale Rør A/S på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dale Rør A/S vart starta i Dale i Sunnfjord i 1955 av Oskar Grimsbø. I 1969 starta han avdeling i Førde, og denne utvikla seg etter kvart til den viktigaste og største avdelinga.

Nils Øvrebø frå Jølster overtok som dagleg leiar då Grimsbø døydde i 1976, og vart eineeigar i 1982. I 1986 bygde Dale Rør stort lager- og forretningsbygg på Øyrane, der det i 2005 arbeider 18 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010