Hopp til innhold
X
Innhald

Dale Samvirkelag

Dale Samvirkelag heiter no Coop Dale BA. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Samvirkelag heiter no Coop Dale BA. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Samvirkelag vart skipa i 1937 m.a. etter opptak frå Oddleif Fagerheim, som var formann dei ti første åra.

Laget overtok ei forretning som Øystein Sørebø dreiv i Dale, og Sørebø vart første styrar. Etter å ha halde til i leigde lokale sidan starten, bygde laget eigen butikk i 1962. Forretninga vart utvida i 1984.

I ein periode frå 1980 til 1993 dreiv Dale Samvirkelag filial i Leirvik - sjå: Landhandlar i Hyllestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.10.2010