Hopp til innhold
X
Innhald

Dale Senter ANS

Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Senter ANS er eit kjøpesenter som vart bygt i Dale i 1988. Bygget er på 2.300 kvm fordelt på tre høgder. Eigar var Dale Utleigebygg AS, der lokale forretningsdrivande var aksjonærar, saman med Asko Vest/Norgesgruppen.

Fleire etablerte forretningar i bygda flytta over i senteret, eller starta avdeling der.

I 2002 fann vi fylgjande forretningar og servicekontor i Dale Senter: Dale Bok og Papir AS, Fjaler Matsenter, Spar (sjå også Handelsstova A/S under: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale), Fjaler Kro og Motell (seinare Dale Kro og Motell AS og Motellet i Dale Senter), klesbutikken Gunns Butikk, barneklebutikken Dot.com, sportsforretninga Alf Salbu AS, Leif Skår Rørleggerforretning AS, Dale Optik, frisørsalongen På Håret AS, Hope rekneskapskontor, revisorfirmaet Deloitte & Touche, Sunnfjord Gravferdsbyrå, Aetat og avisa Firda sitt avdelingskontor.

I 2013 vart 80 prosent av aksjane i Dale Utleigebygg AS kjøpt av Rolfs Holding AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2013