Hopp til innhold
X
Innhald

Dale Tønnefabrikk

Wilkenbua slik ho vart bygd oppatt etter  at den opphavelege bua brann i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Wilkenbua slik ho vart bygd oppatt etter at den opphavelege bua brann i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Tønnefabrikk vart starta i 1912 av Ola Hovland frå Eikefjorden. Fabrikken heldt til i den store «Wilken-bua» som kjøpmann Wilken Nitter hadde bygd m.a. for å drive sildesalting.

Seinare kom også broren Aksel Hovland frå Eikefjorden og starta tønnefabrikk i Dale under firmanamnet Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk.

I 1916 vart Dale Tønnefabrikk omskipa til aksjeselskap med Ola Hovland som disponent. Innan eit par år var gått, hadde Hovland 25 mann i arbeid. Då Dale fekk elektrisitet i 1918, auka produksjonen sterkt, og kom opp i kring 80.000 tønner årleg.

Det var ikkje få tønner som vart stabla om bord når lasteskipa kom til Dale Tønnefabrikk. Dette biletet er teke i 1960. Foto: Olav Hovland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det var ikkje få tønner som vart stabla om bord når lasteskipa kom til Dale Tønnefabrikk. Dette biletet er teke i 1960. Foto: Olav Hovland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fabrikken sysselsette jamnt vel 20 arbeidarar. Firmaet dreiv også sildesalteri, og i sesongen kunne firmaet ha kring 100 personar i arbeid i tønneproduksjonen og på saltebua.

Ola Hovland dreiv også ei kort tid frå 1921 Dale Cementstøperi saman med Barthold Vonen. Verksemda produserte takstein og røyr. Det var i dette bygget at «Handelsstova» (sjå denne under: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale) seinare etablerte seg.

Dale Cementstøperi ca. 1920. Til høgre for støyperiet ser vi Dale Hotel. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dale Cementstøperi ca. 1920. Til høgre for støyperiet ser vi Dale Hotel. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I 1936 flytta Ola Hovland tilbake til heimbygda Eikefjord og starta ny tønnefabrikk med ti tilsette der. Sonen Kristoffer Hovland tok over som leiar og eigar av fabrikken under namnet Dale Tønnefabrikk, Kristoffer Hovland AS, men Ola var framleis med i styret.

I 1954 vart fabrikken utvida med stort nybygg. Kristoffer Hovland sin son Roald Hovland tok over som disponent i 1984. Fabrikken vart totalskadd av brann i 1987.

I 1993 stod ein kopi av «Wilken-bua» - teikna av arkitekt Olav Hovland - gjenreist på branntufta. Bygget rommar brannstasjon og IPM Teknikk AS, som Roar Hovland leiar.

Wilkenbua der Dale Tønnefabrikk heldt til midt i biletet. Til høgre ser vi Dale Sko AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Wilkenbua der Dale Tønnefabrikk heldt til midt i biletet. Til høgre ser vi Dale Sko AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.10.2010