Hopp til innhold
X
Innhald

Dalehaug Snikkarverkstad

Dalehaug Snikkarverkstad heldt dei første åra til i det tidlegare meieriet til venstre på dette biletet. Privat foto, utlånt av Kristian Dalehaug.

Dalehaug Snikkarverkstad heldt dei første åra til i det tidlegare meieriet til venstre på dette biletet. Privat foto, utlånt av Kristian Dalehaug.

Dalehaug Snikkarverkstad i Luster vart starta i 1929 av byggmeister Anders Dalehaug i det gamle meieriet på Døsen.

Her vart det m.a. produsert innreiingsartiklar for kjøkken og soverom, og ein del møblar, trapper, glas og dører. Då Anders døydde i 1938, tok broren Johan over verkstaden og dreiv den til sønene til Anders, Nils og Kristian var så vaksne at dei kunne ta over i 1956. Etter at Nils døydde i 1963 vart broren Kristian Dalehaug eineeigar.

Utviding og brann

Verkstaden vart utvida, men vart totalskadd av brann i 1967. Då nytt og større bygg stod ferdig, starta Dalehaug Snikkarverkstad produksjon av «husmorvinduet», og vart etter kvart ein av dei store produsentane i landet av denne typen vindauge.

Frå byggjearbeidet etter brannen i 1967. Privat foto, utlånt av Kristian Dalehaug.

Frå byggjearbeidet etter brannen i 1967. Privat foto, utlånt av Kristian Dalehaug.

Stort nybygg

I 1977 bygde Dalehaug nybygg på 1.000 kvadratmeter. Fabrikken var oppe i 40 tilsette, men fekk økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1981. I eit par omgangar freista tilsette å drive produksjonen vidare, men gjekk konkurs.

Fjordglas tok over

I 1994 starta Fjordglas AS produksjon i lokala.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011