Hopp til innhold
X
Innhald

Dalen Næringssenter

Dalen Næringssenter. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Dalen Næringssenter. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Dalen Næringssenter på Kalland vart opna i 2012 av bygdefolket i Naustedalen. Dei overtok det tidlegare Coop-bygget på Kalland etter at den butikken vart lagd ned i 2009 (sjå Naustdal Handelslag).

Med stor dugnadsinnsats vart det bygt om til å innehalde både kafé, multimediarom, pub og butikk tilknytt Joker-kjeda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2012