Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første gjestgiveria

Mauritz Kleng

var presteson frå Askvoll. Han var først lensmann før han slo seg ned i Sørbøvåg i Hyllestad for å drive gjestgiveri. Dette var midt på 1600-talet.

Rasmus Pederson

dreiv 1740-1754 kro og gjestgiveri på garden Myklebust i Hyllestad (garden vart prestegard frå 1864). Offiser Andreas Adamson Beck frå Vik tok over og dreiv kroa til 1758.

Martha Margrethe Midelfart Tostrup

fekk i 1821 løyve til å drive gjestgiveri i Leirvik. Ho var gift med kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, eigar av garden Leirvik ved Bøfjorden. Seinare vart verksemda også utvida til skysstasjon. Verksemda vart selt frå Holck-familien til Johan H. Wolff i 1855 (Sjå Forretningsfamilien Wolff ).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008