Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Vikøyri på 1920-talet med Vetleøyri i framgrunnen. Den store bygningen er Vik Trevarefabrikk som vart bygd i 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Olga Fretheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vikøyri på 1920-talet med Vetleøyri i framgrunnen. Den store bygningen er Vik Trevarefabrikk som vart bygd i 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Olga Fretheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tidleg handel og gjestgiveri i Vik

Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik.

Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659. Då er det nemnt to handelsborgarar i bygda; Jon Robertsen frå Kirkwall på Orknøyane og Jens Rasmusson frå Holstein. Begge dreiv handel i Vik i omlag 10 år.

Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659. Gjestgjevarløyvet vart frå 1725 disponert av ein annan klokkar, den danskætta Mads Hansen Sæby (1640-1734), og fylgde hans slekt i fleire generasjonar. Slekta skifta namn frå Sæby til Sæbø. Dei hadde også handelsløyve.

I 1812 overtok den første bondeguten frå Vik, Nils Olson Åse, som handelsmann og gjestgjevar i Vik. Han tok etternamnet Sæbø og var inngift i dei velståande Daae og Tuchsen-slektene, som hadde store jordeigedomar i Vik, og det var kona Christine Marie Tuchsen som styrde både handel og gjestgiveri.

Sonen Ola Nilson Sæbø selde i 1833 handelen og gjestgiveriet til bergensaren Jens Boalth Wallentinsen. Han hadde gard på Hove med eit staseleg bustadhus der det var utanlandske bilettapetar på veggane. Dette huset vart i 1890 selt og flytta til Vange, der det vart gjenreist i enklare stil, og tapeta gjekk tapt. Det var i ein bakaromn i Jens Boalth Wallentinsen sin butikk at storbrannen som gjorde 333 vikjer huslause i 1838, starta (sjå Ulukker i Vik). Wallentinsen hadde teke til å byggje opp att gjestgjevargarden som eit hotell, men bestemte seg i 1847 for å flytte tilbake til Bergen. Han selde det halvferdige hotellet til svogeren Ole Andreas Hopstock frå Risør - og resten av historia finn du under Hopstock Hotell.

Bernt Lund: Udsigt fra Framnes til Balestrand ved Sognefjorden (1875). Framnes er eit tidlegare namn på Vangsnes. Foto av måleri. © Blomqvist Kunsthandel.

Bernt Lund: Udsigt fra Framnes til Balestrand ved Sognefjorden (1875). Framnes er eit tidlegare namn på Vangsnes. Foto av måleri. © Blomqvist Kunsthandel.

Handel og gjestgiveri på Vangsnes

På Vangsnes har det vore kremmarleie og gjestgiveri frå 1600-talet. Dei første handlande på Vangsnes var borgarar med handelsbrev frå Bergen. Den første offentlege gjestgjevaren, Johannes Markussen, kom i 1733, og ei gamal stove og eit toetasjes hus frå tidleg 1800-tal står framleis. I 1841 fekk Lasse L. Vangsnes handelsløyve, og var i tillegg skysskaffar, dampskipsekspeditør og postopnar.

Desse to husa på den gamle gjestgjevarstaden på Vangsnes er frå tidleg 1800-tal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Desse to husa på den gamle gjestgjevarstaden på Vangsnes er frå tidleg 1800-tal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handel og gjestgiveri i Feios

I Osen i Feios var det gjestgiveri og kremmarleie heilt frå 1678, då Kristoffer Simonsen Guddal er komen på plass. Bernt Nagel og seinare Dominikus Nagel frå Kroken i Luster var formelle eigarar der den første tida. Dei stamma frå same slekta som dei mektige futane på Svanøy-godset. I 1753 fekk Palne Endreson Henjum gjestgjevarløyve. Hans slekt endra namn til Osen, og dreiv handel og gjestgiveri fram til 1870, då Anders M. Eithun tok over. I 1875 vart Christen I. Offerdal eigar. Langs stranda i Osen budde det i 1801 11 huslydar med tilsaman 40 menneske. I Osen stod også ei vassag frå 1600-talet.

Osen i Feios, der det var gjestgiveri frå 1678. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osen i Feios, der det var gjestgiveri frå 1678. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjestgiveri i Fresvik

I Fresvik har det truleg vore gjestgiveri sidan 1600-talet. I 1836 fekk godseigar Wollert Krohn Hille (sjå Fresvik-godset) handelsløyve. Ole Davidsen Skjervheim tok over i 1859, etter at han m.a. hadde vore veginspektør i Sogn og eigd garden Fretheim i Arnafjord. Han utvandra til Amerika i 1868.

I Fresvik var det gjestgiveri frå 1600-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Fresvik var det gjestgiveri frå 1600-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjestgjevar på Simlenes?

Simlenes ligg på vestsida av utløpet til Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. I 1756 rådde bygdetinget til at gardbrukaren der skulle få gjestgjevarløyve. Grunnen var at det var langt for reisande til det næraste gjestgiveriet som låg på Arnehus (sjå Aurland kommune) ved Nærøyfjorden. Det er uklårt om bonden på Simlenes fekk gjestgjevarløyve, men han hadde støtt losjerande som måtte søkje hamn der når det var uver på fjorden.

Nese i Arnafjord, der fleire prøvde seg med handel på 1800-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nese i Arnafjord, der fleire prøvde seg med handel på 1800-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første handelen i Arnafjord

I Arnafjord kom den første handelsmannen kring 1820-1830. Han heitte Tollak Walsvig, men omfanget på handelen er uklårt. Den første med handelsbrev i Arnafjord var Hallvard Knutsen Odlene som dreiv landhandel i eit naust frå 1872 til 1883.

I 1885 starta Hermund Johannessen Næse handel på Nese, men dreiv berre eit par år der før han i 1888 prøvde med ny handel i Valsvik. Heller ikkje det gjekk, for året etter emigrerte han til Amerika.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011