Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første sagbruka i Naustdal

Under Styggelifossen var det oppgangssag. Foto: Jan Herstad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Under Styggelifossen var det oppgangssag. Foto: Jan Herstad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1793 fekk Markvard Hukset løyve til å byggje oppgangssag. Denne saga fekk vatnet anten frå elva Åsedøla eller frå sjølve hovudelva Nausta. I løyvet frå amtmannen heitte det at på den tida ikkje fanst anna sag i Naustedalen, og at folk difor måtte telje bygningsborda til med øks.

Ei av dei kjende oppgangssagene i Naustdal vart bygd midt på 1800-talet av Ola Sundet (1814-1906) i Styggelifossen lengre inne i Naustedalen. Saga dreiv han saman med sonen Andreas. Dei to var nevenyttige og hadde m.a. konstruert automatisk frammating av tømmeret når dei saga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2009