Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første sagbruka

Der Vadhheim Elektrochemiske Fabrikker ligg i dag vart det bygt sagbruk i 1683. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Der Vadhheim Elektrochemiske Fabrikker ligg i dag vart det bygt sagbruk i 1683. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei første oppgangssagene i Noreg vart bygde på 1500-talet. Dei vassdrivne sagene revolusjonerte tilverkinga av tømmer, og på kort tid vart det bygt ei mengd oppgangssager som fann ein god marknad for skurlasta i Bergen. Også utlendingar frå Nederland og Skottland kom til Vestlandet for å kjøpe bygningsmaterialar. Kring 1600 er det registrert 180 oppgangssager på Vestlandet. Sageigarane betalte 10 prosent sageskatt til kongen av det som vart skore. Difor finst det godt oversyn over sagbruka frå den tida. I 1603 er det registrert 10 sager i Sogn.

Sag i Vadheim

Ei av dei første sagene i ytre Sogn var den som låg ved utløpet av Dyrneslielva i Vadheim, der Vadheim Elektrochemiske Fabrikker ligg i dag. Der vart det bygt oppgangssag i 1638 av ein mann som heitte Peder Jensson. Han eigde også alt jordegodset i Vadheim vest for Hovlandselva. Truleg budde Jensson i Bergen, for han var samstundes stiftsskrivar og vart seinare byfut og rådmann i Bergen, og saga i Vadheim styrde han truleg med ein såkalla sagmeister. Peder Jensson leigde i 1655 bort ”Dyrnes Saug” i Vadheim til slektningen Jens Nilsson. Sagbruket hadde lege til nedfalls lenge då Arne Larsson Vadheim sette det i stand att på 1830-talet.

Skogbrann øydela for sagbruket

Også på Ljotebø vest for Kyrkjebø vert ei oppgangssag omtala ved ei skyldsetjing i 1667. På 1600-talet var det også ei sag på Fitje i Bjordal. Det var truleg ein skogbrann som sette ein stoppar for sagdrifta på Ljotebø. I matrikkelen for gardane Ljotebø og Kyrkjebø i 1723 vert skogbrannen omtala. Skogbrannen må ha vore kring 1700 og øydela tømmerskogen slik at saga på Ljotebø slapp opp for tømmer og vart lagd ned. I 1827 bygde eigaren av garden Kyrkjebø, Peder Jensen Reppen, opp att saga ved Ljotebøelva.

Oppgangssaga i Mjølsvik

Ei av dei eldste sagene ytre Sogn låg i Mjølsvik på sørsida av Sognefjorden. Peder Halvorsen Mjølsvik hadde i ungdomen arbeidd på sagbruk, truleg ved morbroren si oppgangssag under Dyrneslielva i Vadheim. Då han vende heim til Mjølsvik i 1680 bygde han si eiga oppgangssag der. Matrikkelen for den tida visar at det var mykje fureskog i Mjølsvik på 1600-talet, og det vart saga opp til 100 tylfter årleg på oppgangssaga til Peder. Inntektene frå saga gjorde at han kunne løyse ut garden sin og verte sjølveigar. Men kring 1716 var det slutt på det beste tømmeret, og då saga vart øydelagd av flaum, vart den ikkje sett i stand att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2009