Hopp til innhold
X
Innhald

Den Norske Bokbyen i Fjærland

Fjærland vart bokby i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland vart bokby i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Fjærland finn du bøker overalt. Her har Claus Kvamme henta bøker som var lagra i eit uthus på Bøyum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Fjærland finn du bøker overalt. Her har Claus Kvamme henta bøker som var lagra i eit uthus på Bøyum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den Norske Bokbyen AS. Etter opptak frå hotelleigar Marit Orheim Mauritzen og ekteparet Claus Kvamme og Kari Kvamme, vart det opna utsal for alle slags bruktbøker i fleire småhus langs strandkanten i Mundal.

Bokby-idéen stammar frå Wales på 1960-talet då Richard Booth tok til å selje store mengder billege bruktbøker i det ledige kinolokalet i heimbyen Hay-on-Wye. Der har verksemda vakse seg til 40 utsal og ein verdskjend årleg litteraturfestival. Det er førebels flest bokbyar i Europa.

I Fjærland er verksemda delt i Den Norske Bokbyen AS med fleire utsal, og Nynorsk Antikvariat AS. I sommarsesongen har Bokbyen kring 20.000 bøker for sal.

Bokbyen har også skipa til populære "boknetter" kring jonsoktider.

Nynorsk Antikvariat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nynorsk Antikvariat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011