Hopp til innhold
X
Innhald

Det skeive hotellet på Brekkestranda

Brekkestrand Fjord Hotel har lokale til kurs og konferansar. Foto: Ottar Starheim, NRK

Brekkestrand Fjord Hotel har lokale til kurs og konferansar. Foto: Ottar Starheim, NRK

Brekkestranda Fjordpensjonat vart starta i 1970 av Ingeborg I. Brekke. Pensjonatet var teikna av Bergens-arkitekten Bjørn Simonnæs, og vekte oppsikt med sin uvanlege arkitektur: Knapt eit hjørne i romma var i rett vinkel, heller ikkje taket.

Materiala som var brukte, var også uvanlege på større bygg den gongen: Utvendes vart det nytta grove hunbord som kledning, torvtak, naturstein, og avbarka rundtømmer som søyler. Brekkestranda Fjordpensjonat vekte oppsikt både i rikspressa og mellom arkitektar langt ut over landegrensene.

Særmerkt vertinne

Då Ingeborg Brekke planla og bygde hotellet, var ho ei kvinne i 60-årsalderen. Ho var ei særmerkt hotellvertinne som fekk god kontakt med gjestane.

Sonen Bjørn Brekke kom med i drifta i 1976 og tok over som eigar i 1996.

Fleire utvidingar

Hotellanlegget har seinare vorte utvida fleire gonger. Det er bygt båthamn ved hotellet, som har endra namn til Brekkestranda Fjord Hotell. I 2002 hadde hotellet 29 rom med 51 senger, og sysselset sju-åtte årsverk.

I 2006 la hotellet fram planar om å byggje 80 feriebustader like ved hotellet. I 2008 kjøpte Morten Nilsen hotellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2010