Hopp til innhold
X
Innhald

Digital Etikett

Kjetil Hovland med etikettar dei har laga til Lerum og Ægir. Foto: Arve Uglum, NRK.

Kjetil Hovland med etikettar dei har laga til Lerum og Ægir. Foto: Arve Uglum, NRK.

Digital Etikett vart starta i Gaupne i 2008 av Kjetil Hovland. Verksemda produserer etikettar til næringsmiddelindustrien, og målet er åtte-ti arbeidsplassar. Hovland hadde tidlegare arbeidd i NTP i Gaupne. I 2010 har Digital Etikett AS fem tilsette og produserer 15-20 millionar etikettar i året, m.a. til Lerum-gruppen. Omsetnaden auka frå 200.000 i startåret til 12,5 millionar kroner i 2012.

Verksemda heldt i starten til i lokale dei leigde hjå Luster Energi , men tek i 2014 i bruk eige bygg på 900 kvadratmeter på industriområdet i Gaupne. Verksemda var i 2013 ein av seks finalistar i kåringa av Årets gründerbedrift i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016